Det nye klubbhuset er på plass

Brakkene til det nye klubbhuset er no på plass. Etter mykje jobb med deling og separering av brakkene er dei no fytta frå Tonning Barnehage til Riise. HS Kran gjorde den krevjande jobben med å flytte det 6 meter høge lasset gjennom sentrum og under kraftliner. Stryn Energi hadde med ein montør på transporten, for å sikkre at ikkje noko skulle skje når vi passerte kraftlinene på vegen til Riise. Den siste lågspennt lina måtte løftast over taket på brakkene før dei endeleg kunne løftast på plass på sine nye fundament.