Sportsflygruppa består av medlemar frå heile Sogn og Fjordane og deler av Møre og Romsdal. Totalt er vi i underkant av 20 personar. Hovudbasen er sjølvsagt i Stryn, men vi har også fly t.d. på Hovden, Ørsta/Volda og i Austefjorden.

Landingsstripa i Stryn er 260 meter lang og har ei breidde på ca 25 meter. Den ligg i Aust -Vest rettning (09-27). Innflygning frå Aust og avgang mot Aust avvik frå normale prossedyrar. Av den grunn, og med hensyn til støy er det PPR for dei som ikkje er medlemmar i klubben. Bana er regulert som Idrettsanlegg i kommunedelplanen.

Anlegget består forøvrig av to hangard bygg og eit klubbhus. Oppstillingsplassen er romsleg og nyttar ein feltet mellom klubbhuset og hangardbygga er det rikeleg med plass til parkerte fly.