Klubbhuset er klart til bruk!

Ein sliten dugnads-gjeng kunne i dag rydde ut verktøy og anna rusk. Klubbhuset er vaska, glasa er pussa, møblane er på plass og det luktar grønsåpe når ein kjem inn døra. ……eller sagt på ein anna måte, klubbhuset er ferdig til bruk. Etter om lag 350 dugnadstimar og nær 50.000 kroner er det klart til bruk for medlemmane. Sjølv om det framleis står att nokre små ting, ser vi jobben som utført. Av bilda under ser det kor fint det har blitt. Den slitne barnehagen er blitt til eit lyst og triveleg klubblokale. Invitasjon til opningsfesten kjem med det første.