Virksomhetskontroll i klubben
/Stryn Luftsportsklubb hadde 10. november virksomhetskontroll frå NLF. Tilsynet var omfattande og varte frå kl 10:30 til 15:30. Vi vart sjekka på drift, interne kontrollar, operative forhold, sikkerheit, flytrygging, skuleverksemda, tekniske oppfølging og standard og på den faktiske tilstanden på to tilfeldige fly. I tillegg vart alle tekniske og personleg loggbøker sjekka. Vi kan skryte litt av oss sjølve, det vart ikkje funne avvik av noko slag! På den andre sida så skal ikkje dette være ei sovepute, men heller ein påminning til kvar og ein om å halde fram det gode arbeidet både i klubben og hjå kvar einskild.