PFLY for Mikro
/Stryn Luftsportsklubb held kurs og teoretisk prøve til PFLY kort for mikrofly pilotar søndag 27. 05. kl 14.30 på klubbhuset.
Det blir gjennomgang av det stoffet som er kravd for å kunne få og inneha PFLY kortet. Det blir også mulegheit å ta den obligatoriske prøven som er ein del av det samla kravet for å kunne søkje om PFLY kort hos Avinor. Kurset tek føre seg NOTAM, Flygeplan, Kart og prosedyrer, skilting, merking og dei bestemmelsane Avinor har sett for å kunne få PFLY kortet. Kurs, og prøve kostar kr. 500.-, og vert registrert i NLF Mikroflyseksjonen til grunnlag for eit kompetanse bevis som ein legg ved søknaden til Avinor. Kurset vert halde av Ola Lilloe-Olsen, som er ein av 9 instruktørar klasse 1e, som har rettigheit til å signere for tilfredstillande kompetanse, på vegne av NLF.
I tillegg må desse krava være innfridde for å få kompetansebeviset (vert ikkje gjennomført på dette kurset):
- Gyldig flytelefonistsertifikat og språkprøve.
- Flytur til en AFIS-plass eller en kontrollert flyplass i åpningstida med instruktør.
- Kandidaten skal ha gjort seg kjent med forholda på flyplassen. Den praktiske delen kjem vi tilbake til for våre lokale pilotar.
Pilotar frå andre klubbar, som ikkje ønskjer å delta på vår praktiske opplæring på ENSD med Avinor tilsette, må kunne framvise eit bevis frå ei eining av Avinor, om at denne delen av opplæringa er gjennomført og i orden.
Kompetansebevis for PFLY vert utskrive av NLF på bakgrunn av eit skjema som må signerast av ein instruktør klasse 1e. IK1 har såleis ikkje rett til å signere dette.
Dei som ønskjer å være med må melde seg på via Facbook sida til Stryn Luftsportsklubb.
Vel møtt!