Første steg mot nytt klubbhus er teke
/I kveld måtte den gamle selja vike for motorsag og traktor. Neste steg er utgraving av tomta...
Planane for nytt Klubbhus er klare. Det blir eit stort dugnadsløft for klubben. *Det er viktig at alle stiller opp og gjer ein innsats. Alle formalitetar er på plass. Arbeidet tek til omgåande. Det vert kalla inn til medlemsmøte om saka snarast.
Stryn Luftsportsklubb er inviterte til å ta del i feiringa. Sjå program under:
Flaumen har gitt seg og bana kan takast i bruk. Besøkande pilotar må hugse at det er krav om PPR før du kjem. Kontaktinformasjon finn du her
På grunn av stor vannføring i Stryneelva er plassen no fullstendig under vatn. Det er uvisst når tid den kan opne igjen, men det er ikkje grunn til å tru at det vil skje før tidlegast helga 17- 19 Juli.
Vi kjem tilbake med meir informasjon når situasjonen har endra seg.
Hans flaug opp til passasjerutsjekk med Ola Lilloe-Olsen på Søndag. Etter teoretisk prøve var det klart for den praktiske delen. Sjølv i vanskelege vindforhold, klarte Hans å overbevise sklulesjefen om at han var kompetent til å fly med passasjer.
Vi fekk besøk frå Trøndelag i helga. Stian Vaaden og ein kamerat la turen om Stryn på Laurdag.
Årsmøtet for 2015 vart halde på Loenvatn Feriesenter 9. Mai.
I tillegg til vanlege årsmøtesaker var det val på nytt styre. Det nye styret finn du under OM SLSK i menyen over.
Stein Ove Sæten, som har vore medlem i klubben sidan den vart skipa, gjekk ut av styret. Han vart takka for sin lange og gode innsats med boka "Tiden Flyr".
Stryn Luftsportsklubb
Strynevegen 95 - 6783 Stryn, Norway
Telefon Flyplassansvarlig 480 00 007
E-post post@strynluftsport.no