Ola Lilloe-Olsen er tildelt NLF sin nest høgaste hedersteikn
/Ola Lilloe-Olsen vart tildelt NLF sin sølv medalje med diplom under Luftsportstinget 2017. Dette er NLF sin nest høgaste utmerking. I statuttane heiter det: "Kandidaten må ha utmerket seg i betydningsfulle roller som har gitt klare resultater og ringvirkninger." Ola fekk utmerkinga med bakgrunn i sitt langvarige arbeid for flytrygglik i NLF Motorflyseksjonen. I talen sin understreka President i Luftsportsforbundet, Rolf Liland, Ola sitt lange virke i Sikkerhets- og Utdanningskomiteen, hans arbeide med opplæring og sikkerheits bulletengar. Han la vekt på Ola sin vide bakgrunn frå både sjø og luft. "Vi kjenner han som mannen bak «trappa»,der vi har guten med glideflyet i den eine enden og kapteinen på «Bombojetten» i den andre". Ola sin ide, er den saumlause overgangen mellom ulike sertifikat nivåa, som no er adoptert heit inn i EASA, avslutta Liland.
Vi i Stryn Luftsportsklubb er stolte og takksame for å ha ein slik resursperson i klubben vår.
Gratulerer, det var vel fortent!