Ola Lilloe-Olsen er tildelt NLF sin nest høgaste hedersteikn

Ola Lilloe-Olsen vart tildelt NLF sin sølv medalje med diplom under Luftsportstinget 2017. Dette er NLF sin nest høgaste utmerking. I statuttane heiter det: "Kandidaten må ha utmerket seg i betydningsfulle roller som har gitt klare resultater og ringvirkninger." Ola fekk utmerkinga med bakgrunn i sitt langvarige arbeid for flytrygglik i NLF Motorflyseksjonen. I talen sin understreka President i Luftsportsforbundet, Rolf Liland, Ola sitt lange virke i Sikkerhets- og Utdanningskomiteen, hans arbeide med opplæring og sikkerheits bulletengar. Han la vekt på Ola sin vide bakgrunn frå både sjø og luft. "Vi kjenner han som mannen bak «trappa»,der vi har guten med glideflyet i den eine enden og kapteinen på «Bombojetten» i den andre". Ola sin ide, er den saumlause overgangen mellom ulike sertifikat nivåa, som no er adoptert heit inn i EASA, avslutta Liland.
Vi i Stryn Luftsportsklubb er stolte og takksame for å ha ein slik resursperson i klubben vår.
Gratulerer, det var vel fortent!

Klubbflyet er oppgradert

Klubbflyet er no opp gradert med ny overhalte forgassarar og sjekk av transponder. Det viste seg at forgassarane var overmodne for ettersyn. Det vart skifta alt av slitedeler og etter montering og synkronisering går motoren som den skal. Transponderen, som ikkje har vore i funksjon, er nå sjekka av Fonnafly og montert tilbake. Det er også gjort nokre andre små forbetringar i samband med ettersyn no i vår.

Fly-in og sikkerhetssamling Lørdag 30. April

Flyplassen er åpen for gjestende fly fra kl 10.00 Husk PPR. Kl. 12.00 starter vi sikkerhetssamling i klubbhuset. Vi får besøk av Svein Ivar Johannessen, leder av Mikroflyseksjonen sin granskingskommisjon og flylege Anders Rosø. Johannessen tar for deg hendelser vi kan lære noe av, men hoved vekt på Granskings Kommisjonens sin rapport GK1- 2015. Anders Rosø skal ta for seg «Menneskelige Ressursen» i sitt innlegg. Sikkerhets samlingen blir arrangert med støtte fra NLF Mikro, og er gratis. Det er ingen startavgift for bruk av plassen. Innflygingskart , prosedyrer og kontaktpersoner finner du på hjemmesiden under "Om SLSK"

PROGRAM
12.00 Gjennomgang av rapport GK1-2015, v/Svein Ivar Johannessen
12:45 Pause
13:00 Kva kan vi lære, korleis unngå dette igjen, v/Svein Ivar Johannessen
13:45 Pause
14:00 Oppsummering og spørsmål etter GK1-2015 rapporten
14:45 Pause
15:00 Menneskelege Resursar i kvardagen, v/Flylege Anders Rosø
15:45 Oppsummering.
16:00 Omvising på «Stryn Int. Airport»

Sikkerhetsseminar og Årsmøte

Innkalling til Sikkerhetsseminar og Årsmøte i

Stryn Luftsportsklubb Laurdag 12. Mars 2016

I klubbhuset på Riise.

 

13.00   Sikkerhetsseminar for mikroflypilotar.   Det er viktig at alle med gyldige mikroflybevis møter til Sikkerhetsseminaret og får dette ført inn i sine loggbøker. Det betyr at de MÅ hugse å ta med loggbøkene til møtet. Alle må ha dette i år, jamfør MFHB 6.2 , kap.4.4.3

15.00   Servering

16.00   Årsmøte

Årsmelding og innkalling til årsmøtet er sendt alle medlemmer.
Vel Møtt

Påmelding til åpningsfest og Julebord

Stryn Luftsportsklubb inviterer til opningsfest og Julebord i det nye klubbhuset vårt Fredag 11. Desember. Vi håper at mange finn vegen til Klubbhuset denne kvelden. Det vert servert tradisjonell Julemat. Pris pr. person er kr. 250.- Dette innbefatter alkoholfritt drikke til maten. Dei som ynskjer noko anna , må ta med dette sjølve. Vi er på plass frå kl 18.00, serveringa startar kl 19.00 presis. Påmeldinga er bindande. Påmeldingsfristen er no ute. Skulle du likevel ha lyst å kome, ta kontakt på 90969679, så ordnar vi det.

Klubbhuset er klart til bruk!

Ein sliten dugnads-gjeng kunne i dag rydde ut verktøy og anna rusk. Klubbhuset er vaska, glasa er pussa, møblane er på plass og det luktar grønsåpe når ein kjem inn døra. ……eller sagt på ein anna måte, klubbhuset er ferdig til bruk. Etter om lag 350 dugnadstimar og nær 50.000 kroner er det klart til bruk for medlemmane. Sjølv om det framleis står att nokre små ting, ser vi jobben som utført. Av bilda under ser det kor fint det har blitt. Den slitne barnehagen er blitt til eit lyst og triveleg klubblokale. Invitasjon til opningsfesten kjem med det første.

Det nye klubbhuset er på plass

Brakkene til det nye klubbhuset er no på plass. Etter mykje jobb med deling og separering av brakkene er dei no fytta frå Tonning Barnehage til Riise. HS Kran gjorde den krevjande jobben med å flytte det 6 meter høge lasset gjennom sentrum og under kraftliner. Stryn Energi hadde med ein montør på transporten, for å sikkre at ikkje noko skulle skje når vi passerte kraftlinene på vegen til Riise. Den siste lågspennt lina måtte løftast over taket på brakkene før dei endeleg kunne løftast på plass på sine nye fundament.