Modellflygruppa tel i dag omlag 20 personar. Nokre av desse er fjernmedlemmar. 

Ønskjer du å starte med modellfly er det berre å ta kontakt med klubben. Vi har treningsfly med dobbel styring tilgjengeleg for skuling. Mange av våre seniorer hjelper gjerne til i startfasen, vi har også godkjent modellflyinstruktør i klubben.

Modellfly eignar seg svært godt for ungdom frå omlag 10 år og oppover. Kostnaden for å kome i gong er låg. Det er viktig at starten vert ein positiv opplevelse for dei unge. Her kan våre erfarne medlemar hjelpe til. Det er viktig å hugse at det er kun klubben sine medlemar som har lov å bruke bana. Er du ny og vil prøve flyet ditt for første gong, eller berre finne ut om modellfly er noko for deg, må du hugse å kontakte klubben. Grunnen til dette er sikkerheit og regelverket for bruk av bana.