Mikrofly gruppa består av medlemar frå heile Sogn og Fjordane og deler av Møre og Romsdal. Totalt er vi i underkant av 20 personar. Hovudbasen er sjølvsagt i Stryn, men vi har også fly t.d. på Hovden, Ørsta/Volda og i Austefjorden.

Landingsstripa i Stryn er 260 meter lang og har eibreide på ca 25 meter. Den ligg i Aust -Vest rettning (09-27). Innflygigfrå Aust og avgang mot Aust avvik frå normale prosedyrar. Av den grunn og med hensyn tilstøy er det PPR for dei som ikkje er medlemar iklubben. Bana er regulert som Idrettsanlegg i kommunedelplanen.

Anlegget består forøvrig avto hangard bygg og eit lite klubbhus. Oppstillingsplassen er romsleg og nyttar ein feltetmellom klubbhuset og hangard bygga er det rikeleg med plass til parkerte fly. I klubbhuset er det sengeplass om nokon vil overnatte, hugs å ta med sovepose.